A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Absence crew

Den kulturelle skulesekken kom med ei fantastisk forestilling då ABSENCE CREW framførte Askeladden på nye eventyr på Fjordstova 28.november!
Abs, 1
Abs, 1
abs, 2
abs, 2
Her fekk me sjå og høyre ein ny vri på eventyret om Askeladden. Dansegruppa Absence crew varta opp med flott og inspirerande dans og gode skodespelartalent. Askeladden skulle både på diskotek, ut i hardt vèr til havs og opp i verdsrommet i ufo, møte stygge troll før dei kom fram til den usedvanleg vakre prinsessa..
Ungane frå barnehagen til sjuande klassen tykte det var ei moro framsyning, og dei fekk varm applaus då dei var ferdige med sjølve teateret.

Etterpå fekk me eit lite ekstranummer der ein av dei rappa og laga tøff "musikk" og rytmar med stemma si, og dei av elevane som torde fekk prøve seg etterpå! Autografar vart skrive, og alle var fornøgde då me gjekk derifrå!

Så tusen takk til Absence crew og Den kulturelle skulesekken!
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS