A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

SFO

IMG_4351

VEKE 12

Denne veka starta me med varmmat måndagen. Fiskeburgere med salat er kjempepopulært. Godt å sjå at dei fleste ungane tykkjer det smakar med fiskemat.

Måndag-onsdag var me ein del ute på ettermiddagen, men torsdag og fredag var "innedagar". Det syner godt inne på sfo at me har teke oss tid til å vært litt inne og, for ungane har vore utruleg flinke til å lage påskepynt. me reknar med at "påskehylla" vår snart blir for lita. Masse flotte kyllingar har blitt laga, og alle har sitt eige særpreg. GODT JOBBA :-)

Me har snakka om korleis me skal oppføre oss på sfo, og mot kvarandre, og hvilke konsekvensar det får dersom me bryt reglane.

Torsdag hadde me, i tillegg til "kyllingproduksjon", kreativ måledag. Dei som ynskte det fekk utfolde seg med måling. Dette blir flott for oss å få henge opp rundt omkring på sfo.

Me avslutta veka med å servere frukt etter mat.

GOD HELG

2015-03-20

VEKE11

Fyrste del av veka var me mykje inne, då det var skikkelig "grisever", men dei siste dagane har me vore mykje ute. Sjølv om sola skin, og veret er på topp, så blir ungane veldig blaute. Snøen smeltar, og det blir flotte og store søylepyttar som er kjempeflotte "leikebasseng".Det er kjedeleg for ungane å sitte blaute resten av sfo tida om dei ikkje har byteklede med seg, så ta ein titt i garderobane er de snill.

På tysdag forberedte me onsdagens varmmat. Born og vaksne kutta opp både grønsaker og pølser, så alt var klar til å lage god betasuppe om onsdagen.

Me har òg starta med å lage litt påsketing. Borna velgjer sjølv om dei vil lage noke, og om dei vil lage noko.

Fredag stod det fredagskos på planen, og ungane tykte det var stas då dei fekk sitte akkurat der dei sjølv ville.

GOD HELG.

2015-03-13

VEKE 10

Så var me komne til fredag igjen. Nok ei sfo veke er omme, og me har hatt ulike aktivitetar denne veka. Me har, som vanleg, vore ein del ute, og på onsdag hadde me spelegrupper på planen. Torsdag var me i gymsalen og der var det mykje aktivitet.

På tysdag stod det havregrynsgraut på planen, men det var ein del ungar som ikkje likte det. Litt rart, for vanlegvis er dette noko som er veldig populært, og grauten var god den.

Torsdag vart det laga pannekaker. Dette var PALS-belønning, som vart trekt på måndagen.

Ei flott og aktiv veke !!

GOD HELG

2015-03-06

VEKE 9

Veke 9 var ei flott veke, som vanleg, på sfo. Starten på veka var prega av noke inneleik og litt uteaktivitetar. Me snakka om, og forbereda oss til karnevalet som me hadde på torsdag.

Torsdagen var det KARNEVAL, som det er skrevet eige sak om. Me serverte pitapizza på karnevalet, og etter manekeng framsyning, leik og moro, vart det ei overrasking på alle saman. Ein stor bærepose med godteposar oppi kom plutseleg fram når filmen vart sett på. MORO !!!

Fredagen var det ikkje mange ungar på sfo etter skidagen, men dei som var der kosa seg med mat og kakao.

Me er mykje ute, og mange har bruk for ekstra vottar , sokkar osv.... Vær så snill å sjekk garderoben av og til.

2015-03-02
KARNEVAL2[1]

Karneval

Torsdag 26. februar hadde SFO sitt årlege karneval. Mange flotte kostymar, godt humør, god aktivitet og stor stemning prega årets karneval.

Dette er ein flott tradisjon som alle på SFO ser fram til kvart år.

 

2015-02-27

VEKE 5 OG 6

VEKE 5: Me var ute kvar dag etter mat. Det gjør godt for liten og stor å være ute litt. Ungane er aktive og kreative i leiken ute i snøen. Me har gått inn litt utpå ettermiddagen, og då har det vore ulike inneleikar. Nokre av borna er glad i å perle og å teikne, medan andre likar seg godt i borgen og/eller på klosserommet. Dokkekroken er alltid populær. Me avslutta veka med fredagskos. Frukt, popcorn og film. Superpopulært.

I veke 5 hadde me pølser i brød/lompe til varmmat om onsdagen.

VEKE6: Denne veka har me lufta oss litt kvar dag, for me tykjer det er viktig. På torsdag var me og plukka fastelavensris som me har sett i vatn.Ungane var kjempeflinke til å finne bjørkegreiner. Me har og starta med forberedingar til karnevalet vårt som me skal ha etter vinterferien.

På tysdag vart det servert tomatsuppe m/makaroni.

Me har hatt to studentar med oss frå vidaregåande i Sogndal desse to vekene. Dei skal og vere med oss fire torsdagar framover. Dei går på helse og oppvekstlinja.

2015-02-06

VEKE 4

Me er no kmne godt i gang med det nye året, og mykje snø gir mykje glede. Me er ute stort sett kvar ettermiddag, og det er mykje flott leik i snøhaugane. Borna er kreative i snøleik, og stemninga er veldig fin. Me går inn litt utpå ettermiddagen og avsluttar dagen inne med ulike leikar og aktivitetar. Før jul kjøpte me inn nokre nye spel, og dei må sjølsagt testat ut.

Til varmmat i veke 4 var det ostesmørbrød, noko alle ungane er glad i, så det er kjekt å lage til.

Vær snill å sjekk i garderobane av og til. Det er lurt å ha eit par ekstra sokkar, vottar o.l liggjande på skulen no. Temperaturen vekslar mykje, og somme dagar er det veldig vått ute, og då blir det fort mykje blaute kle. Det er mykje kjekkare for borna å gå ut på sfo dersom dei har eit par turre vottar å ha på seg.

2015-01-26

Betalingssatsar i SFO 2015

Vedlagt finn de Luster kommune sine betalingssatsar for SFO i 2015, og anna naudsynt informasjon.

 

2015-01-13

SFO stengd 2. januar

Me minner om at SFO er stengd 2. januar pga planleggingsdag.

2014-12-30

VEKE 50

Nest siste veke før juleferie. Mykje som skjer på sfo om dagane. Denne veka har me jobba med å få ferdig hemmelegheitane våre, og no er me nesten i mål med det.

Me har bakt pepperkaker, og me har laga risbollar. Ungane tykjer det er stor stas å få vere med på baking. Som nevnt forrrige veke så inneheld nokre av advendtsposane ein lapp. Denne veka har det vore baking to dagar og film ein dag. Då såg me "Jul i Flåklypa". Kjempekjekt.

Me har hatt kakao og godt pålegg denne veka og, noko som er veldig populært hos ungane.

Ha ei fin adventshelg.

2014-12-12
Powered by CustomPublish AS