2. kl

Ski på skulen
Heilt sidan jul har alle elevane våre hatt skiaktivitetar på skulen minst to timar for veka. I 1.-4.klasse har dette vore uteskulen vår. Og no i desse VM tider så måtte me sjølvsagt ha stafett.

Velkommen til bygdakafè
Tysdag den 27.januar kl.11.00-13.00 er det bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter. Det blir sal av kaffi, kaker, saft og loddar.
Denne gongen er det 1. og 2.klasse og barnehagen som har ansvar for kafèen.

Ski i skulen
Alle elevane på Indre Hafslo oppvekstsenter er på ski kvar veke. Me er så heldige å ha skiløyper rett utanfor døra, og dei må me sjølvsagt bruke. I tillegg så er det fine løyper på Vindamyrane, og me set svært stor pris på at me har snille naboar som let oss få bruke desse. I dag var det 1.-4.klasse som hadde sin utedag og alle kosa seg både med skigåing, mat og drikke.

God jul
Me dette flotte bilete frå ein kjempefin tur til Fuglesteg vil me ynskje elevar, føresette og tilsette ei god jul!

Jul på oppvekstsenteret
Me har lagt bak oss ei travel, men svært så innhaldsrik veke på skulen. På tysdag hadde me juleverkstad, og mange flotte julegåver vart laga. Ein del føresette og besteforeldre deltok også, og det set me stor pris på.

Velkommen til julefest
Tysdag den 9. desember kl. 18.30 vert det tradisjonell julefest på Indre Hafslo oppvekstsenter

Adventssamling
Kvar fredag i heile desember samlar me heile oppvekstsenteret til koseleg adventssamling. Klassane og barnehagen har ansvar for kvar si samling, og den føste gongen var det 1. og 2.klasse som hadde programmet. Først kveikte me det første lyset ,og etterpå både sang og dansa dei for oss. Vil du sjå bilet frå samlinga så kan du sjå under bileta til 1. klasse.