A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
014

Jul på oppvekstsenteret

Me har lagt bak oss ei travel, men svært så innhaldsrik veke på skulen. På tysdag hadde me juleverkstad, og mange flotte julegåver vart laga. Ein del føresette og besteforeldre deltok også, og det set me stor pris på.

På onsdag hadde me nissemarsj. Me starta med å gå rundt bygda, der me måtte løyse ein del oppgåver på vegen. Då me kom ned att på skulen samla me oss på uteskulen. Der  fekk me servert gløgg og peparkaker.

Torsdag var det tid for årets julelunsj. Me starta dagen med samlingsstund og 5.-7.klasse hadde ansvaret. Etterpå var det tid for kyrkjebesøk. Då me kom ned att på skulen var det dekka eit flott lunsjbord til oss,  og heile oppvekstsenteret samla seg til hyggeleg samvær i gymsalen.

Vil de sjå bilete frå alt me har gjort på denne veka så kan de sjå under bileta til 7.klasse.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS