6. kl

Tur til Fivla
Tysdag den 30. august la 5., 6. og 7.klasse ut på tur frå Vigdalen og målet var DNT hytta på Fivla. Været var ikkje det aller beste ,og det var også svært blautt underlag å gå på, men alle var positive så turen oppover gjekk fint. Me hadde ein matstopp undervegs, men elles gjekk me i eitt med berre nokre små pustepausar.
![IMG_2790[1]](https://img6.custompublish.com/getfile.php/3595673.1686.bwqwqraddd/195x0/0_3595673.jpg)
Aktivitetsdagar
Denne veka har alle elevane på skulen delteke på to halve aktivitetsdagar. Me har hatt desse aktivitetane: kappa land, kaste på pyramide/fisken i det raude hav, siste par ut/tredje mann i vinden, keisarens barn, vippa pinne og hol i hatten. Dette er mange fine leikar som me også ynskjer at elevane skal leike i friminuttane. Vil du sjå bilete frå aktivitetsdagane så kan du sjå på bileta til 1.klasse.

Tur til Lyngsete
I dag har alle elevane på skulen og dei eldste ungane i barnehagen vore på tur til Lyngsete.

Høgtideleg opning av oppvekstbiblioteket
Mykje folk hadde møtt fram då Indre Hafslo oppvekstsenter inviterte til opning av oppvekstbiblioteket og bygdakafè.
Velkommen til bygdakafè og opning av oppvekstbiblioteket
Tysdag den 7.juni kl. 17.30 -19.00 inviterar me heile bygda til opning av det nye oppvekstbiblioteket vårt.