A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
20160831_115321

Tur til Fivla

Tysdag den 30. august la 5., 6. og 7.klasse ut på tur frå Vigdalen og målet var DNT hytta på Fivla. Været var ikkje det aller beste ,og det var også svært blautt underlag å gå på, men alle var positive så turen oppover gjekk fint. Me hadde ein matstopp undervegs, men elles gjekk me i eitt med berre nokre små pustepausar. 

På Fivla fordelte me oss i dei to hyttene, og alle fekk på seg turre kle. Litt tid til innekos vart det i starten. Då alle hadde fått varmen i seg var det tid for stasjonsjobbing. Nokre strasjonar var ute, medan andre var inne i hyttene. Kart, kompass, stein, lav og fjellplanter var berre nokre av oppgåvene elevane skulle gjennom. Alle skulle innom seks stasjonar, og innimellom vart det også tid til mat. Om kvelden hadde me planar om grilling ute, men på grunna av vind og regn så måtte me eta inne. Utover kvelden vart det gøym og leit ute, medan andre ville vere inne å spele spel. Klokka elleve var alle trøytte og det var tid for å køye.  Onsdag morgon vakna me til noko betre vær. Me hadde oss ein lang frukost, og smurde oss rikeleg med niste før me kl. 09.30 la ut på turen til Navarsete. Denne dagen var det langt å gå, men ingen klaga. Me hadde matstopp ved Heggdalsvatnet før me tok fatt på siste etappe ned mot Heggdalen og Navarsete. Kl. 15.30 var alle komne til Gaupne, og her vart me henta i privatbilar. Tusen takk for turen til alle som var med!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS