A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

SFO

VEKE 40

Måndag og tysdag var det valgfritt om ungane ville vere ute eller inne å leike.

Torsdag var me ein tur i aulaen å øvde på "bli med" dansen, før alle gjekk ut å leika.

Fredag hadde me kjøttbollar med heimelaga potetstappe.

God helg og god haustferie:-)

2014-10-06
Høstløv

SFO I HAUSTFERIEN

I haustferien i år, er det to tilsette på jobb kvar dag. Me vil difor nytte høve til å reise litt lengre vekk frå skulen enn det me pleier. Då tenkjer me å nytte privatbilar. Det er ikkje sikkert at me reiser så langt, og det er sjølvsagt litt vêravhengig kvar me fer, men me ynskjer å ha på plass naudsynte godkjenningar frå dykk foreldre dersom det skulle bli aktuelt. Elevane som har meldt seg på SFO i haustferien, vil difor få med seg eit samtykkeskjema heim som ranselpost i dag. Me ber om at underskrive skjema vert returnert til skulen seinast fredag.

2014-09-30

VEKE 39

Denne veka har me vore meir inne på SFO, dei som har villa har fått vore ute. Mange synst det er kjekt å få vera inne å leika, etter mange dagar med berre uteleik på SFO.

Framover ei tid kjem me til å ha elevar frå 9.klasse på besøk annakvar onsdag, dei skal hjelpe til på SFO.

Torsdag var me i aulaen og øvde på "bli med" dansen, etter øvinga var det fri leik og dans i aulaen.

Fredag fekk me servert spagetti og kjøttsaus, det var det kansje mange ansikt ein kunne sjå det på når dei kom heim.

 

2014-09-30

VEKE 35

Endå ein fin veke over, alle ser ut til å finne seg til rette på SFO.

Mykje bra ver har gjort at me har vore ein del ute. Torsdag etter felles fjellturen fekk dei som ville vere inne, sjølv om det var strålandes ver.

Avslutta veka med varmmat, risengrynsgraut med saft:-)

Fint at så mange hadde moglegheit å komme på SFO foreldremøte. Lurer de på noko, ta gjerne kontakt! 

 

2014-09-02

FORLDREMØTE PÅ SFO 26.08.14

Me takkar så mykje for godt oppmøte på foreldremøtet, og håpar at møtet vart opplevd som nyttig og informativt. Me ser fram til eit kjekt SFO-år, og gler oss til å bli kjende med både dei nye borna og foreldra deira.

Referat foreldremøte 26.08.14.pdf

 

2014-08-27
norovirus

SMITTEVERN

I 2. klasse er det no utbrot av mage-tarminfeksjon. I samband med dette, vil me nytte høve til å minne dykk på at det skal gå 48 timar frå siste utbrot til barna kjem attende til skulen. Elevar ved skulen har for tida familiemedlemer med redusert immunforsvar. Desse er ekstra sårbare for smitte, og me ber difor alle om å vise ekstra omsyn.

http://www.fhi.no/dav/c8c427af35.pdf

2014-08-19

VEKE 18

Ei kort veke på SFO med masse frileik.

Onsdag hadde me tomatsuppe med makaroni. Etter mat fekk dei velje om å vere ute eller inne. Etter mange fine dagar med masse uteleik var det mange som ønskte å vere inne å leike.

 

2014-05-06

SOMMARFERIE

Då har alle fått heim eit skjema for sommarferien på SFO. Hugs frist for tilbakelevering 16. mai!

 

2014-05-06

POSTKASSEN

Håpar alle har sett at me har fått oss postkasse på SFO, denne må de gjerne bruka. Kom gjerne med forslag, både til kva me kan lage av mat og idear til aktivitetar på SFO.

 

 

2014-04-29
Powered by CustomPublish AS