
SFO I HAUSTFERIEN
I haustferien i år, er det to tilsette på jobb kvar dag. Me vil difor nytte høve til å reise litt lengre vekk frå skulen enn det me pleier. Då tenkjer me å nytte privatbilar. Det er ikkje sikkert at me reiser så langt, og det er sjølvsagt litt vêravhengig kvar me fer, men me ynskjer å ha på plass naudsynte godkjenningar frå dykk foreldre dersom det skulle bli aktuelt. Elevane som har meldt seg på SFO i haustferien, vil difor få med seg eit samtykkeskjema heim som ranselpost i dag. Me ber om at underskrive skjema vert returnert til skulen seinast fredag.