7. kl
Kulturøkt og loppemarked
Fredag 14. mellom klokka 11.15 og 13.00 er det kulturøkt på oppvekstsenteret med program og sal av forfriskningar.
Alle er velkomne til å sjå og høyra litt om kva vi har jobba med denne perioden.
I dag er det hektisk aktivitet for å få alt ferdig til kulturøkta og vinterferien, både arbeid og sceneopptredenar.
Storskulen har det ekstra travelt, for elevbedrifta deira skal ha loppemarked i kveld, og det er mange flotte lopper å sjå. Løp og kjøp på skulen i kveld 17-20!
Arbeidsgjengen er klar!
I byrjinga av juni skal denne flotte gjengen på klassetur til Bergen. Der skal me besøke Vilvite-senteret og elles besøke andre attraksjonar Bergen har å by på.
Fagdag om folkehelse
Temaet for perioden mellom nyttår og vinterferien har vi kalla Folkehelse. I dag fekk oppvekstsenteret besøk av tannpleiar, Røde Kors, helsesøster og kommunen sin folkehelsekoordinator som fortalde om ulike sider ved temaet. Dette har vore ein lærerik og spennande dag!
Gang rundt juletre
Med litt oppvarming på juletrefesten i går, fortsatte me med gang rundt juletre på morgonen i dag.
Juleførebuingane er allereie i gang...
No går det fort mot 1.desember, og då må peparkakekalendaren vere klar i klasseromma!
Kjende byggverk
Nå kan du snart gå på sightseeing på oppvekstsenteret på Skjolden!
Ut i verda er det mange kjende byggverk, og storskulen har valt ut sine favorittar og laga modellar av dei. På kort tid kan du "reise" både til London, Paris, Seattle, Manchester og Italia.
Zorbadans
Når tema er "Verda rundt oss", passar det godt med dans frå Hellas. Storskulen har øvd i rykk og napp, og no er det snart tid for framføring...
Opplæring i kart og kompass
Tema denne perioden er "Verda rundt oss", og når ein skal ut i verda og i naturen, er det godt å ha kunnskap om kart og kompass!
6.klasse lagde chickenburgar i dag, 31.oktober.
Chickenburger
6.klasse lagde chickenburger i dag, 31.oktober.