SFO
VEKE 38
Denne veka gjekk turen til Hanaskjære med ei gruppe, me pakka sekken med frukt og vatten. Kosa oss med frukt ute etterfulgt av frileik, kjempefin ettermiddag. Kjedeleg å bryta opp leiken å returnera til SFO.
Me har fått ein del nye ting på SFO denne veka, nesten som julafta:) Mange ivrige etter å hjelpe til med oppakking. Her var det ein del nye barbiedokker, dokker, leikegarasje, perlebrett og gigant mikado, og ein del formingsmatriale som me skal bruke utover hausten.
Torsdag var me i Aulaen å dansa "bli med dansen", dette er ein dans alle på skulen skal lære, så då brukar me litt tid på SFO og.
Fredag fekk me servert betasuppe med flatbrød attåt.
VEKE 37
Ny veka over på SFO, masse frileik inne og ute denne veka og.
Onsdag var det turdag att, og me delte inn i to gruppe. Den eine gruppa var på skulen, mens den andre gjekk til Grandane. Her fekk dei leike fritt, mykje treklatring, hyttebygging og rolleleik. Me fann og eit DIGERT dyr, tusenbein kanskje?? Kjekt å leike andre plassar, me gjekk på SFO til 15.30 og avslutta der.
Fredagen fekk me servert kjøttbollar i fløytesaus med potetstappe. Runda av til helg med "just dance" i aulaen, etterfulgt av fridansing:)
VEKE 36
Då var nok ei veke over, me avslutta veka med fiskeburger. Kjempepopulært, og mange åt godt. Dei fekk velje sjølv kva dei ville ha på burgaren sin, salat, agurk, mais, raspa gulrot, ketchup og dressing.
Onsdag, som er planlagt å vera turdag gjekk denne veka til parken. Her fekk dei bruke heile område. Mange klatra i jungelløypa, nokon bygde hytte og nokon hadde rolleleik. Her var me til 15.30, før me gjekk på SFO og avslutta dagen der.
Alle ungane har vore med på å laga veggbilete, alle har fått trykt hendene sine med måling på kvite eller svarte ark. Dette har me hengt opp på legoromme, kjempeflott og dekorativt.
Ellers ei fin veke med litt uteleik og litt inneleik.
OPPSTART PÅ SFO
Då er me godt i gang med nytt SFO år. Veldig kjekt å verta kjent med dei nye 1. klassingane.
Me har hatt ein roleg start med mykje frileik, og ungane har fått bestemt sjølve om dei vil vera ute eller inne å leike.
Forrige veka avslutta me med spagetti og kjøttsaus, masse fine raude munnar og kjakar :)
Me prøvde oss på felles leik ute, "haien kjem". Kjekt å gjere noko i lag alle.
Veka som kjem vil me starte opp med turdag, første turen vert ikkje så veldig lang. Me reiser i Parken med heile gruppa. Der vert me til ca 15.30, så då kan dei som vert henta før den tid hentast der.
SOMMARFERIE
No er det delt ut ferielappar for sommarferien på SFO. Alle som har SFO skal ha fått.
Frist for innlevering er onsdag 13. mai.
Har de spørsmål, ta gjerne kontakt.
SOLSIKKER
Dei som har villa har fått sådd solsikker i mjølkekartong. Alle fekk to frø som dei planta. Me har sett dei inne på SFO kjøkken, i glaskarmen. No er det byrja å spire, dette er kjekt å sjå. Solsikkene får dei med seg heim etter kvart, slik at ein kan plante dei om ute.
VEKE 17.
Kjempeflott at så mange kom innom på foreldrekaffi på SFO torsdag. Me fekk lappar, kake, kaffi og saft.
Denne veka har me sådd solsikker i mjølkekartongar, så no ventar me på at dei skal spire:)
Fredag fekk me servert tomasuppe, makaroni og grove scones, etterfulgt av fysisk aktivitet i aulaen.
PÅSKEFERIE
To fine dagar på SFO i påskeferien. Turar rundt i nærmiljøet, måndag gjekk turen til leikeplassen i Tvingeborgneset og i Sandviki. Tysdag gjekk turen til Gåpnaberget og lunsj ute. Frileik inne og ute, pluss litt påskeaktivitetar.