A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
058

VEKE 36

Då var nok ei veke over, me avslutta veka med fiskeburger. Kjempepopulært, og mange åt godt. Dei fekk velje sjølv kva dei ville ha på burgaren sin, salat, agurk, mais, raspa gulrot, ketchup og dressing. 

Onsdag, som er planlagt å vera turdag gjekk denne veka til parken. Her fekk dei bruke heile område. Mange klatra i jungelløypa, nokon bygde hytte og nokon hadde rolleleik. Her var me til 15.30, før me gjekk på SFO og avslutta dagen der.

Alle ungane har vore med på å laga veggbilete, alle har fått trykt hendene sine med måling på kvite eller svarte ark. Dette har me hengt opp på legoromme, kjempeflott og dekorativt.

Ellers ei fin veke med litt uteleik og litt inneleik.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS