A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

SFO

Snart Jul

No er det ikkje lenge før me alle tek juleferie, men me har enda mykje som skal skje på SFO.

Fyrst av alt må me få skryte litt sjølve. Julebordet torsdag vart kjempekjekt for liten og stor. Dette trur me at me lyt laga tradisjon av. Julebordet starta med marsj rundt i gongane med Norill med toraderen i front. Marsjen enda inne med bordet, der alle fant seg ein plass. Norill spelte ein julesang til oss, og så var me kklare med mat. Og som seg hør og bør så hadde me eit par gjester frå administrasjonen. Etter mat og drikke, leika me og så avslutta me med gang rundt julereet.

 

2017-12-08

Litt oppsummereing.

Forrige veke (veke 44) Hadde me legoutstillig og "legoland på sfo" som PALS-belønning. Det var stor kreativitet, og me fekk mange flotte byggverk som me stilte ut på torsdagen. Då vart det òg servert popcorn og is.

På tysdagen vart det servert sala, med skinke, pasta, egg og mykje anna godt å velje i. Alle fant noko dei likte på salatbuffeèn. På SFO må alle smake på maten, og dei er ikkje lov å seie at me ikkje likar det før ein har prøvd. Me er opptatt av at born skal tore å utfordre seg sjøl på ulike smakar.

Ein godmiks av inne og ute leik, og sånn ynskjer me å fortsette å ha det. Nokre ungar har litt lite utekle med seg, og me minner om at det er viktig med gode og varme utekle no framover. Lue og vottar er ein sjølvfølge no.

2017-11-06
20171010_130205

Hausten

Me har hatt nokre fine veker i haust på sfo. 1.klassingane har funne seg godt til rette hjå oss, og leikar mykje med andre sfo elevar.

Kvar tysdag har me varmmat eller noko ekstra godt til mat, og dette er populært. Me har blandt anna servert pizza, kjøttsuppe, pannekaker, pasta og kjøttsaus, graut, pølse og potestappe og fiskegrateng.

 Me vil i tillegg få litt ekstra innimellom om onsdagane, då det er elevar på u.skulen som har praktisk matematikk på skulekjøkkenet. Dette kjem oss på SFO tilgode.

Bursdagskalendaren vår er omsider ferdig, så no heng alle ungane i fallskjerm på SFO. Vidre har me prosjekt der haust er tema. Me lagar haustbilete med potet og epletrykk. Disse bileta kjem snart opp på veggen ute i gangen vår.  Me har og fokus på haust i matlaginga no i oktober.

Klikk  på les meir for å sjå bilete frå SFO.

 

2017-10-25

NYTT SFO ÅR

No er me komen godt i gang på SFO. Ungane finn seg godt tl rette på SFO, og byrjar å bli litt kjende med rutinar og oss vaksne som jobbar her. Me har fokus på korleis me skal vere mot kvarandre på SFO, både i leik og ved matbordet.

Me kjem til å vere mykje ute, så gode utekle tilpassa veret er viktig. Bytekle i garderoben bør det og vere, så sjekk garderoben av og til.

Me kjem til å lage varmmat, eller noko ekstra god mat kvar tysdag, og no tysdag (29/8) serverte me fiskegrateng med poteter, pasta, raspa gulrøtter og smelta smør. Veldig populært, så det prøver me igjen seinare.

Dersom de lurer på noko må de berre ta kontakt med personalet på SFO, me svarar på mykje. De får innkalling til foreldremøte om ikkje så lenge.

GOD HELG

2017-09-01

VÅR PÅ SFO

På sfo har det no blitt skikkelig vårfølelse. Me nyter flotte dagar ute, og prioriterer fin og fri uteleik framfor styrt leik. Ungane koser seg, og dei er veldig flinke til å bruke fantasien sin til å finne på ulike måtar å leike på ute.

Me har dei siste vekene hatt litt forskjellig varmmat. Pølse i brød, blomkålsuppe, ostesmørbrød, fiskeburgar m.m. Dei fleste ungane er veldig flinke til å smake på mat som er ny for dei.

 

2017-05-05

Visma flyt skole

Mange har no logga inn og nyttar Visma. Hugs:

  • Sjå etter at du som føresett står oppført med mobilnummer og kryssa av "SMS skole - hjem"
  • Trykk generelt samtykke
  • Trykk samtykke på kvar av ungane dine
  • Lagre nummeret til kontaktlæraren til din unge og bruk dette i staden for privatnummeret 
2017-03-28
Powered by CustomPublish AS