Hausten
Me har hatt nokre fine veker i haust på sfo. 1.klassingane har funne seg godt til rette hjå oss, og leikar mykje med andre sfo elevar.
Kvar tysdag har me varmmat eller noko ekstra godt til mat, og dette er populært. Me har blandt anna servert pizza, kjøttsuppe, pannekaker, pasta og kjøttsaus, graut, pølse og potestappe og fiskegrateng.
Me vil i tillegg få litt ekstra innimellom om onsdagane, då det er elevar på u.skulen som har praktisk matematikk på skulekjøkkenet. Dette kjem oss på SFO tilgode.
Bursdagskalendaren vår er omsider ferdig, så no heng alle ungane i fallskjerm på SFO. Vidre har me prosjekt der haust er tema. Me lagar haustbilete med potet og epletrykk. Disse bileta kjem snart opp på veggen ute i gangen vår. Me har og fokus på haust i matlaginga no i oktober.
Klikk på les meir for å sjå bilete frå SFO.