7. kl
Snart haustferie!
No er det nesten stille på skulen. Alle elevane er reist heim, men det er nokre lærarar att. Så stille har det visst ikkje vore i heile dag, for i dag har me hatt KULTURØKT! Veldig kjekt med mykje folk innom dørane, både besteforeldre, foreldre, syskin, tante, onklar og naboar. Elevane hadde eit flott program og viste fram mykje av det dei har jobba med i desse vekene dei har vore på skulen i år.
Utebord i nytt design
Uteborda våre har sett stusselege ut, og det tenkte me at me ville gjera noko med!
DKS kjem i morgon!
Det har ikkje stått på vekeplanen til storskulen, men det blir DKS framsyning for elevane v/Sirkus Agora fredag kl 12. :)
Strikking med noko attåt
I kunst og handverktimen i dag vart strikketøyet henta fram att.
Seigryte med ris
6.klassingane laga middag i mat og helse i dag, og det var seigryte med ris som sto på menyen.