1. kl
Våren er komen for fullt på Skjolden, både inne og ute
Formingsprodukta som blir produsert no om dagen fortener litt omtale og blest. Og det er meir spennande på gang!
Kreative vaksne og ungar gir kjempefine resultat, berre sjå!
Papirflykonkurranse
I høve fokuset på papirbretting i faget kunst og håndverk for 1. og 2. klasse hadde me i dag ein konkurranse med papirfly.
Elevane lagde flere forskjellige variantar med varierande resultat, men gøy var det for alle saman!
Kor langt kan ditt papirfly fly?
Tiarvener og teljemeistrar
Torsdag jobba vi med tiarvener, flest og færre og teljing i matematikkøkta. I tillegg repeterte vi partal og oddetal frå sist veke.
Tal
I matematikkøkta i dag har vi arbeidd med tal og terningbilete i 1. og 2. klasse. Sjå kor fint det vart!
Me var òg innom oddetal og partal, og kva som skjedde når to oddetal gjekk saman, eller to partal eller eit av kvar... Magisk!
Karsetroll
Sist veke laga 1. og 2. klasse til kvar sitt hovud og sådde karse til hår.
No er dei så langhåra at ein hårklipp til 17. mai hadde vore på sin plass!
Juleførebuingane er allereie i gang...
No går det fort mot 1.desember, og då må peparkakekalendaren vere klar i klasseromma!
Korleis ser Norge ut på kartet?
Det var spørsmålet vi jobba med i samfunnsfag i dag. Nokon tykte det likna på ein gitar, men andre meinte at gitaren var rett og ikkje så krokbøygd......
Etter å ha sett ned på verda frå raketten vår oppe i verdsrommet v.h.a. kart i ulike målestokkar, kunne alle finna att Norge på både verdskart og Europakart.
Til slutt laga vi forma av Norge i kitt, og det var ikkje heilt enkelt........ :-)