7. kl

Skidag på Mollandsstølen
På tysdag var heile skulen samla til skidag på Mollandsstølen. Me hadde ulike skileikar som hopp, skiskyting, stiv heks og kulekøyring. Klokka 11.30 samla me oss til grilling. Etter mat var det høve for dei som ville til å gå til Bondehaug. Me hadde ein flott skidag der alle såg ut til å kosa seg :)
2013-03-15

Flott danseshow av 6. og 7.klasse
I dag har me vore på eit kjempeflott danseshow med 6. og 7.klasse. Og for ei oppvisning! Me vart rivne med alle som ein. Dei dansa, rappa og til slutt fekk dei alle med å dansa.
Dette var kjempebra! Så takk til 6. og 7.klasse og lærar Edwin for god underhaldning.
2013-03-05
Dette var kjempebra! Så takk til 6. og 7.klasse og lærar Edwin for god underhaldning.
Me ynskjer alle ein god vinterferie.
Etter ein flott dag på Sogn skisenter er det kjekt å kunne ynskje alle ein god vinterferie.
2013-02-15