A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Offisiell opning av Indre Hafslo Oppvekstsenter 19.09

De vert hermed inviterte til offisiell opning av Indre Hafslo oppvekstsenter, onsdag 19.09.



Opplegget for dagen vert slik:

Frå ca 14.00 : Salg av middag på skulen. På menyen står betasuppe med rundstykker til. Håpar mange kan komme og ta middagen denne dagen hos oss.
Pris pr tallerken vert kr. 20,-

Frå ca 15.00 : Det vert servert kaffi og kaker i barnehagen.

Frå ca 16.00 Underhaldning frå barnehagen og skulen
Offisiell opning v/ ordførar Ivar Kvalen



Me gler oss til å markere ei ny tid for skulen og barnehagen, og håpar de vil komme og dele dette med oss.

Besteforeldre og andre frå bygda som har lyst å komme – er også hjarteleg velkomne.

For å berekne kor mykje mat me skal lage – er det fint om de melder tilbake ca kor mange vaksne og born frå dykkar familie, som ynskjer nytte seg av tilbodet om middag.
Send gjerne svar på e-post, eller send ein lappe med bornet dykkar.

Helsing

Kjetil Sønnesyn
Rektor / Styrar
Indre Hafslo Oppvekstsenter
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS