A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

SFO

GODT NYTTÅR

Så var me i gong atte etter jule og nyttårsfeiringa, og me på sfo ynskjer alle eit GODT NYTT ÅR. Me ynskjer å halde fram med å forme sfo til ein meir aktiv arena, og også å halde fokus på sunn og god mat. Me tek gjerne i mot innspel fra dykk som er føresette.

Så var det dette med gode klede til å vere ute i. ME YNSKJER Å VERE UTE SJØLV OM DET REGNAR ELLER SNØR LITT, OG DÅ BLIR ME BLAUTE OG KALDE DERSOM ME IKKJE HAR GODE UTEKLE, OG LITT BYTEKLE I GARDEROBEN.

2014-01-06

GOD JUL

~~God jul til dere alle
me sender til kvar ein heim,
sjølv om me gjerne ville,
dra rundt med juleklem.

Desember den er fløyet
så altfor fort av stad.
Snart over alle husa
seg senker julefred.

Må jula ha det innhald
me ynskjer den skal få,
med mange gode minner,
me huksar etterpå.

God jul til alle saman,
ja takk for dette år.
Og nyttårsynskjer frå oss
de også til deg går.

2013-12-19

VEKE 50

Når ein pepparkakebakar baker pepperkake........Me bakte masse pepparkaker i forrige veke. Onsdag og torsdag fekk gruppe 2 og 3 bake pepparkaker. Kjempekjekt :-) Me har hatt ulike juleaktivitetar heile veka, og mykje fint til jul har blitt laga.

Me hoppa over vammat i veke 50, men teke da atte i veke 51 med mykje kos sidan det er siste veke før jul.

SFO YNSKJER Å VERE MYKJE UTE, SJØLV OM IKKJE VERET ALLTID SPILLER PÅ LAG MED OSS. DET ER DERFOR SÆRS VIKTIG AT ALLE UNGAR HAR BYTEKLEDE LIGGJANDE PÅ SKULEN, OG GODE UTEKLE SOM HØVER VERET.

 

2013-12-16

VEKE 49

Endelig kom snøen til Hafslo. Ungane tykkjer det er stor stas med snø og snøleikar. Inne på sfo forbereder me oss til jul. Aktivitetsgruppe 1 bakte pepparkaker på torsdag.

I veke 48 vart det to dagar med varmmat. Onsdagen hadde me taco, og det var palsbelønning som blei trekt om mandagen. Fredagen stod det pølse med brød på menyen :-)

HUKS GODE KLE TIL Å VÆRE UTE I !!! EIT EKSTRA PAR MED VOTTAR OG SOKKAR ER KANSKJE LITT LURT.

2013-12-09

VEKE 48

No nærmar det seg Juleferie med stormskritt, og me på SFO har også byrja forberedinga til Jul.  Veke 48 starta me med våre "hemmeligheitar", så no lyt nok de føresette gå med "skylappar"  når de hentar ungar.

I veka som gjekk var det ikkje varmmat, men me hadde fisk som tema på måndagen. Då var det masse forskjellig fiskepålegg på menyen, og ungane åt godt. Fredagen hadde me frukt og dipp medan me såg på film.

Me ynskjer å ha ei roleg og fin advendstid på sfo, så fokuset vårt vil være retta mot det å sitte fint og og ha det kjekt rundt matbordet.  Me øver på å bruke innestemme, holde hender og føter for seg sjølv, samt det å sitte på rompa når me spiser.

ME PÅ SFO YNSKJER ALLE EI FIN ADVENDSUKE.

 

2013-12-02

VEKE 47

Veke 47 starta kjempeflott med foreldrekaffi. ALLE ungane som var på sfo den dagen hadde besøk, og det er me VELDIG glade for. TUSEN TAKK FOR BESØKET ALLE SAMAN.

Me har aktivitetsgruppene våre i full sving onsdagar og torsdagar, og me har no ei gruppe på Hauk, ei gruppe spelar spel, medan siste gruppa jobber med formingsaktivitetar.

Varmmat veke 47 var havregraut om onsdagen.

2013-11-25

VEKE 46

Denne veka har me hatt fokus på å førebu oss til foreldrekaffien. Vaksne og ungar har baka, noko som er veldig kjekt.

Varmmat denne veka var pølse i grove brød....nam, nam......

Velkommen til foreldrekaffien vår måndag 18.

 

2013-11-18

FORELDREKAFFI MÅNDAG 18.11

Me på sfo ynskjer å invitere alle foreldre til kaffi og noko godt å bite i måndag 18.11 klokka 14.30-16.00

Me håpar så mange foreldre som mogeleg har tid til ein liten tur innom oss denne dagen for ein hyggjeleg prat, og å sjå litt kva ungane driv med her.

VELKOMMEN

2013-11-11

VEKE 45

Veka som gjekk var nok ei fin veke på sfo. Me har vore ein del inne, men litt utetid har me òg hatt.

Aktivitetane denne veka har vore spel, leikar på Hauk og formingsaktivitetar (laga kort eller haustbilete).

Me avslutta veka med kakao og lomper :)

2013-11-11

VEKE 44

Denne veka har me vore ein del inne, men me prøver også å få ei lita stund ute kvar dag sjølv om veret ikkje er det beste heile tida.Frisk luft gjer godt for liten og stor :-)

Varmmat denne veka var fiskekaker og grønnsaker i pitabrød. Populært hos dei aller fleste.

Det er blaut ute no, og ungane tykkjer det er kjekt å sitte i sandkasse/på huska, i klatrestativ osv... REGNKLE ER GODE KLE Å BRUKE DÅ!!!

Så ynskjer me alle ei god helg :-)

2013-11-01
Powered by CustomPublish AS