A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

VEKE 48

No nærmar det seg Juleferie med stormskritt, og me på SFO har også byrja forberedinga til Jul.  Veke 48 starta me med våre "hemmeligheitar", så no lyt nok de føresette gå med "skylappar"  når de hentar ungar.

I veka som gjekk var det ikkje varmmat, men me hadde fisk som tema på måndagen. Då var det masse forskjellig fiskepålegg på menyen, og ungane åt godt. Fredagen hadde me frukt og dipp medan me såg på film.

Me ynskjer å ha ei roleg og fin advendstid på sfo, så fokuset vårt vil være retta mot det å sitte fint og og ha det kjekt rundt matbordet.  Me øver på å bruke innestemme, holde hender og føter for seg sjølv, samt det å sitte på rompa når me spiser.

ME PÅ SFO YNSKJER ALLE EI FIN ADVENDSUKE.

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS