9. kl

Juletradisjoner på museet
Onsdag 9 desember var me så heldige å få reise på museet. Her lærte me om jul og juletradisjonar i gamledagar.
Me fekk skrive julekort med blekk, og gå på den gamaldagse skulen. Me lærte om primstaven og høyrde juleevangeliet. Me fekk og eitt innblikk i korleis dei feira jul på 17-hundretallet og 18-hundretalet.

Kulturøkt 7.12
I dag har me vist noko av det me har øva på i haust til dei eldste barna i barnehagen.
Me song både på norsk og engelsk, såg bilete frå hausten og jobba på smartboard.
Når programmet var ferdig kosa me oss saman med leik ute i sola.

Trollskogen 25.11
Me hadde ein koseleg dag i trollskogen denne onsdagen og :) I dag fekk me sjå "reve" spor og lagde snøengler. Ellers kosa me oss med leik i skogen.
PALS-belønning: ha med leike
Fredag 20.11 var det endeleg vår tur til å få ha med leike. Først fekk alle vise fram leika si til dei andre så gjekk me ned på SFO og leika med dei der :)

Arbeid i klasserommet :)
Måndag og onsdag har me lesekvart, då les elevane til 8.45 før me tek samling og startar dagen. Dette gir ein fin start på dagen.
I K/H i veke 47 jobba me med farger og fargelære. Elevane fekk male med fargane raud, blå og gul. Me fekk flotte og kreative resultat :)

Trollskogen veke 47
Me hadde nok ei flott tur i trollskogen. Denne veka tok me med oss 2. klasse på tur :)
Vinnarane av tippekonkurransen
1. klasse: 126 ark - Isak H. Sørensen
2. klasse: 8120 g - Jan Olav Stølen
3. klasse: 233 nonstopp - Nina H. Sørensen
4. klasse: 5,5 m - Linn Marie Urdshals