A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Trollskogen 4.november

Nok ein fin dag i Trollskogen.

Leik i trollskogen
Leik i trollskogen
Leik i trollskogen
Leik i trollskogen
Leik i trollskogen
Leik i trollskogen
Jaktpost i trollskogen
Jaktpost i trollskogen
A
A
E
E
U
U

Me hadde ein kjempefin dag i trollskogen denne veka også. Ungane leikar og har det så kjekt. Det var bl.a hunde- og katteleik, hjortejakt (der det var eigen jaktpost) og fugle- og insektleik mm. Nokon hoppa slengtau og nokon bygde meir på lavvoane/hyttene rundt omkring.

Det er byrja komme opp gapahukar der oppe (mellomsteget/friluftsliv står for dette byggeprosjektet). Me snakka om at det ikkje er lov å klatre på dei, men at det blir fint når dei er ferdige, for da kan me sitte under tak å ete maten vår.

Me hadde samarbeidsoppgåver der elevane blei delt i gruppe på 3/4 og skulle lage ulike bokstavar med kroppane sine. Her erfarte dei at det er lurt å snakke saman og finne ut korleis ein skal gjere det, før ein legg seg ned. God øving i å samarbeide og å få til at alle er med.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS