A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

100 dagar på skulen-

I dag er det den 100. skuledagen dette skuleåret, og denne dagen hadde vi i 1. og 2. klasse gledd oss til lenge. Vi har talt sugerør sidan skulestart i august og no var endeleg dagen kome.

Endeleg: sugerør nummer 100!
Endeleg: sugerør nummer 100!
100-niste 1
100-niste 1
100-niste 2
100-niste 2
100-niste 3
100-niste 3
100-niste 4
100-niste 4
100-niste 5
100-niste 5
100-niste 6
100-niste 6
Fest-gjengen
Fest-gjengen
100-dessert
100-dessert
Ti gonger ti er hundre
Ti gonger ti er hundre
100-godteri
100-godteri

Vi har hatt 100-som tema heile dagen, men rakk likevel ikkje alt vi hadde planlagt!

Vi har laga 100-briller, leita etter tala 1-100 i klasserommet, talt 100 hopp, 100 klapp, 100 skritt og tatt tida.

Og alle hadde med seg niste med tema 100, berre sjå på bileta!

Vi har sett filmar/bøker på Youtube om 100-dagen i andre land.

Og til slutt hadde vi ein liten 100-fest med ti godteri av kvar i ti ruter.

Så sjølv om andreklasse måtte ha diktat og alle måtte lesa leseleksa si, så var dette den morosamaste dagen elevane hadde hatt!

Då eg spurde kva dei hadde lært om 100, sa dei at dei hadde vorte heilt sikker på tiarovergangane og den nye tiaren etter t.d. 69,  og å telje samtididg med at dei hoppa/gjekk/klappa. Det siste er nemleg ein kunst, det er lett å hoppa fortare enn ein tel......

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS