Utlånsreglar
 
Biblioteket si verksemd er regulert gjennom Lov om folkebibliotek
1. Alle med fast adresse i Noreg kan få lånekort mot å vise legitimasjon. Det er gratis å låne. 
Barn kan få lånekort når dei startar på skulen.
Lånekortet bør takast med kvar gong ein vil låne. Lånaren pliktar å melde adresseforandring eller tap av lånekort til biblioteket.
2. Lånaren er ansvarleg for alt materiale som blir lånt på kortet. Tap og skader må erstattast etter biblioteket sine reglar.
3. Lånetid:
Bøker, lydbøker: 4 veker
E-bøker: 4 veker
Språkkurs: 8 veker
Tidsskrift:  2 veker (med unntak)
Film: 2 veker, (max 10 stk)
Puslespel: 14 dagar
Elektroniske spel: 14 dagar (max 3 per lånar)
Det er muleg å fornye lånet dersom materialet ikkje er reservert til andre lånarar.
4. Biblioteket kan låne inn bøker frå andre bibliotek. Da gjeld eigarbiblioteket sine reglar. Lånaren kan også sjølv bestille bøker gjennom bibsok.no.

5. Film lånt ved biblioteket er til privat bruk. Aldersgrensa for lån av film følger anbefalt aldersgrense. Biblioteket er ikkje ansvarlig for skader som måtte oppstå på avspillingsutstyr.

6. Personalet har teieplikt om alt som gjeld lånarane og lån.
7. Lånaren kan miste retten til å låne. 
Viss lånaren gjentatte gongar ikkje har levert tilbake lånt materiale eller har uteståande erstatningskrav, kan låneretten bli trekt tilbake. 


 
30.06.2023 Ellen Borch Veum