Sommarens kulaste lesekampanje varer frå 1.juni t.o.m. 31.august. Du som går i, eller skal starte i, 1.-7. klasse kose deg med fine bøker og få poeng for alt du les gjennom sommaren. Lydbøker tel like mykje som papirbøker/e-bøker. Du kan lese sjølv eller saman med nokon andre. Når du har kome til level 10 kan du hente din første premie på biblioteket. I Luster bibliotek er det muleg å få premiar til og med level 50. Biblioteket er ope heile sommaren, også på laurdagar, for lån av bøker og henting av eventuelle premiar du har til gode.