Oppvekstbibliotek/skulebibliotek
Det er bibliotek for skule, barnehage, tilsette og foreldre i alle oppvekstsentra og på Hafslo barne- og ungdomsskule, samt Veitastrond skule. Biblioteka er tilgjengelege i opningstida til skulane. Biblioteka har fast servicetid av tilsett frå Luster bibliotek. Alle biblioteka har automatisert utlån med sjølvbetening.
Skulane i Gaupne bruker Luster bibliotek som skulebibliotek.