FRIST 1.FEBRUAR!
Søknad om barnehageplass/-endring
1.februar er fristen for både å søkje og endre barnehageplass i Luster kommune for barnehageåret 2012/2013. For SFO er fristen 15.februar. Her er info frå kommunen om korleis du går fram:
- De skal nytte det elektroniske søknadsskjemaet som De finn link til her.
- Alle som skal søke barnehage- og SFO-plass må ha e-post adresse.
- Vedtak om barnehage- og SFO-plass vert sendt på den e-post adressa som vert nytta i søknaden.
- Dersom du har barn på venteliste, må du søke på nytt.
- Barn som har plass i barnehage og SFO 2012/2013 treng kun søke dersom dei ynskjer endring i
- tilbodet frå hausten 2013.
- Dersom de treng rettleiing i samband med dette, tek det kontakt med den eininga de skal søke til (dvs Oddbjørg)
Viss ein gløymer passordet, kan ein be om nytt via dei same sidene, ein må då taste inn sitt eiget fødselsnummer og "Brukarnamn", som er e-postadressa du brukte første gong. Då vert nytt passord sendt til den e-posten du har brukt.
HER er direktelenkje til der ein søkjer/endrer barnehageplass i Luster kommune.
HER er kommunen sine sider om barnehageplass