SFO-reglar
Her kan de lese korleis me vil ha det med sfo i år:
Me er enige om at me skal:
- VENTE PÅ EIN VAKSEN UTE (VED HEGNINGEN, FORDI DET KAN VERE SOVANDE UNGAR UTANFOR BARNEHAGEN)
- HENGE OPP KLEDE OG SEKK, OG SETTE SKO FINT PÅ PLASS NÅR ME KJEM
- VASKE HENDER FØR ME ET
- VISE GOD BORDSKIKK:
- IKKJE SNAKKE MED MAT I MUNNEN
- IKKJE SYNGE VED BORDET
- IKKJE SEIE EKLE TING VED BORDET
- HA FØTENE UNDER BORDET OG HENDENE FOR SEG SJØLV
- SNAKKE ROLEG EIN OG EIN
- RYDDE KNIV, FAT OG KOPP
- EIN VAKSEN STARTAR AKTIVITETAR VED Å SEIE KVA EIN KAN VELJE MELLOM DEN DAGEN
- FØLGJE REGLAR I GYMSAL (EIN VAKSEN SKAL OPNE UTSTYRSROMMET)
- BRUKE INNESTEMME
- VERE SNILLE MOT KVARANDRE (SEIE SNILLE TING TIL KVARANDRE, IKKJE SNAKKE STYGT OM ANDRE OG IKKJE BANNE)
- ALLE SKAL FÅ VERE MED Å LEIKE, OG ALLE SKAL HA NOKON Å LEIKE MED
- RYDDE LITT FØR ME GÅR HEIM
- DET ER LOV Å BE EIN VAKSEN OM Å FÅ VERE LITT ÅLEINE VISS EIN ER SLITEN ELLER TRENG LITT TID FOR SEG SJØLV