Utrekning av utgift til SFO er endra
SFO-betaling: 27,- per time (heil/halv plass)
Til føresette på 1.-4.trinn skuleåret 2014/2015: Timesatsen i den nye utrekninga av pris på sfo er lik over alt i kommunen: 27,- per time. I Jostedalen er timetalet for heil plass rekna ut frå opningstid kl 7-9 om morgonen (altså to timar per morgon-økt) og varierande på ettermiddagen etter når skuledagen sluttar.
Til føresette på 1.-4.trinn skuleåret 2014/2015:
I desember vedtok kommunestyret å endre utrekninga av sfo-betaling frå fast pris per heil/halv plass til fast pris per time – ein må framleis betale enten for halv eller heil plass. Timetalet i sfo er ulikt rundt på einingane (fordi opningstidene morgon og ettermiddag er ulike, men mest fordi skuledagane har ulik lengd rundt på skulane). Timesatsen i den nye utrekninga er lik over alt i kommunen: 27,- per time.
I Jostedalen er timetalet for heil plass rekna ut frå opningstid kl 7-9 om morgonen (altså to timar per morgon-økt) og varierande på ettermiddagen etter når skuledagen sluttar:
- Måndag: 13.45 - 16.15 (2,5 timar)
- Tysdag: 14.45 – 16.15 (1,5 timar)
- Onsdag: 12.45 - 16.15 (3,5 timar)
- Torsdag: 14.45 – 16.15 (1,5 timar)
- Fredag: 13.45 - 16.15 (2,5 timar)
Det vert tilbod om leksehjelp (gratis for alle) måndag kl 13.45-14.45 og onsdag kl 12.45-13.45, så dei som har dette, får fråtrekk på 27,- per time for desse dagane. Fint om alle som veit (eller trur) dei vil nytte tilbodet om leksehjelp melder inn dette (uforpliktande) før sommarferien.
Dei fleste har halv plass med avtale om alle ettermiddagar, då er det totale timetalet (2,5t + 1,5t + 3,5t + 1,5t + 2,5t =) 11,5 timar. Viss ein har leksehjelp begge dagane dette er mogeleg, vert timetalet 9,5 timar per veke. Det vert rekna 4 veker per månad og 10 mnd i eit skuleår.
Døme: Totalbeløp for eit sfo med halv plass (berre ettermiddagar) for dei som har leksehjelp: 9,5 t x 4 veker x 27 kr/time = 1026,- per mnd.
Obs: Om ein berre nyttar sfo t.d. to ettermiddagar i veka må ein uansett ha halv plass og betale for totalt 5 «økter» (morgon/ettermiddag). Viss de har spørsmål, berre ring for å få ei oppklaring!
Rektor/styrar Mette F. Reinertsen (tlf kontor: 57685960 / e-post: mette.f.reinertsen@luster.kommune.no)
(Denne informasjonen er òg sendt til alle aktuelle foreldre via e-post.)