Siste året i barnehagen
Overgang barnehage-skule
Kva bør barnehageborna kunne når dei byrjar på skulen? Viktige ferdigheiter barnehagen arbeider med siste året før skulestart (som vert vidareført på skulen).
Brev før skulestart: Kjære foreldre til kommande 1.klassingar ved Jostedal skule!
Luster kommune har fokus på kor viktig ein god og trygg overgang mellom barnehage og skule er for ungane våre, og difor vil me bygge vidare på det tette samarbeidet mellom pedagogisk leiar for dei eldste i barnehagen og lærar i førsteklassen. Me har valt ut nokre punkt som er greie å vere samkøyrde om både for barnehagen, skulen og heime i perioden som avsluttar av tida i barnehagen. Kom gjerne med spørsmål eller innspel til punkta – dette arbeidet er i stadig utvikling!
Rammeplanen for barnehagen seier dette om overgang barnehage –skule: «Barnehagen skal i samarbeid med foreldre og skolen legge til rette for at barna kan få en trygg og god overgang fra barnehage til skole og eventuelt skolefritidsordning. [...] De eldste barna skal få mulighet til å glede seg til å begynne på skolen og oppleve at det er en sammenheng mellom barnehagen og skolen. Barnehagen skal legge til rette for at de eldste barna har med seg erfaringer, kunnskaper og ferdigheter som kan gi dem et godt grunnlag og motivasjon for å begynne på skolen. Barnehagen skal bidra til at barna kan avslutte barnehagetiden på en god måte og møte skolen med nysgjerrighet og tro på egne evner. Barna skal få bli kjent med hva som skjer i skolen og skolefritidsordningen».
DAGSPLAN VED SKULEBESØK
Innhald skuledag:
Kl 9.30 5-åringane kjem bort til 2.time på skulen: Rim og regler, klappeleikar, innlogging og leikeskriving på PC, skrivedans og leik. På nyåret er det meir fokus på blyantgrep og arbeid i blyantboka.
Kl 10.30 Friminutt med uteleik for alle elevar
Kl 10.55 Måltid (elevane et medbrakt niste saman med 2.-4-.klasse, barnehagen har med drikke). Høgtlesing og frileik inne
Kl 12.00 Avslutning
Badedagar:
I år vert det ikkje faste badeøkter med skulen. 5-åringane har eigne badeøkter i barnehagen til over jul. Me vil få til nokre badeøkter på våren ilag med 1. og 3.kl, der me har fokus på: Å øve på å kle av og på seg sjølv. Øve på å dusje og tørke seg sjølv. Passe på eigne klede og sitt badeutstyr. Symjetime/bli trygg i vatnet saman med andre.
Dato for skulebesøk finn du på aktivitetskalendaren
Turdag til Klibbersholene fyrst i juni
Badeøkter til våren saman med 1. og 3..klasse
Skulen inviterer til foreldremøte for nye 1.klassingar i slutten av mai.
Plan for Jostedal Oppvekstsenter: Overgang bhg-skule
Borna skal oppleve at det er progresjon etter alder i barnehagen sitt opplegg, dei eldste får eit anna tilbod og andre forventningar enn dei yngste. Forslag på område ein arbeider særskilt med siste året i barnehagen finn ein i tabellen under. Ein del av punkta er fine å øve på heime og.
Å vere den største i barnehagen inneber:
|
|
Språk og kommunikasjon |
|
Konsentrasjon |
|
Fysisk aktivitet |
|
Sosial kompetanse |
|
Beste helsing frå Anne Kristin, Else Marie, Mette og dei andre på oppvekstsenteret