Frist søknad/endring barnehage: 15.februar (som før)
OBS - Ny frist for søknad SFO: 1.februar!
Hugs at ein må søkje på nytt om ein står på venteliste eller har fått lågare plassprosent enn ein søkte om ved siste opptak.
Her er LENKE til kommunen sin informasjon om søknad om SFO-/barnehageplass til hausten. Her er Luster kommune sitt følgjeskriv om søknad og endring 16/17:
Søknad og søknad om endring av barnehage- og SFO plass 2016/17:
- Søknadsfrist for endring, eller ny SFO-plass: 1. februar 2016
- Søknadsfrist for endring, eller ny barnehageplass: 15. februar 2016
De skal nytte det elektroniske søknadsskjemaet som De finn på www.luster.kommune.no. Alle som skal søke barnehage- og SFO-plass må ha e-postadresse.
Vedtak om barnehage- og SFO-plass vert sendt på den e-post adressa som vert nytta i søknaden.
Dersom det er barn på venteliste, må dei søke på nytt.
Barn som har plass i barnehage og SFO 2015/2016 treng berre søke dersom dei ynskjer endring i tilbodet frå hausten 2016.
Dersom de treng rettleiing i samband med dette, ta kontakt med den eininga de skal søke til, eller pedagogisk konsulent Oddbjørg Ese, tlf57685520