Grendekonsert i samarbeid med Ungdomslaget, fau og Den kulturelle skulesekken
"Good time Charlie" speler i Dølaheimen 20.jan
Elevane i 5.-7.trinn vert IKKJE att på skulen, dei har workshop med musikarane siste økta i vanleg skuletid. Kl 16 har ungdomslaget sal av pølser, kaffi og kaker. Konserten vert ca kl 16.45. Vel møtt til heile bygda! Les meir om opplegget HER.
Frå informasjonen på nettsidene til Den kulturelle skulesekken:
"Draumeblues og blåsus" er ei musikalsk drøymereise med energisk Rhythm & Bluesmusikk. Tekstane er på nynorsk og har mykje humor. Musikken til Good Time Charlie høver for born i alle aldrar, og mange av songane er det lagt opp til å synge med på. Plata har blitt møtt med strålande kritikkar, og syner at nynorsk passar svært godt til blues.