Oppstart av skule- og barnehageåret, utviklingsarbeid og forventningsavklaring
Foreldremøte torsdag 5.september kl 19-20
Kva lurer du på? Kva forventar du? Lurer du på kva skulen eller barnehagen forventar av deg? Oddbjørg og Mette ynskjer alle spørsmål velkomne!
Etter foreldremøte vert det konstituering av foreldrearbeidsutvalet (fau), samarbeidsutvalet (su) og skulemiljøutvalet (smu). Foreldreutvala for barnehagen og skulen skal ha to medlem kvar i samarbeidsutvalet.
Viss det er saker som berre gjeld visse alderssteg, vil me ta det vidare på avdelings-/klasseforeldremøte seinare i haust, men meld gjerne inn sakene no uansett. Du kan melde frå til Oddbjørg eller Mette på e-post eller telefon, eller via foreldrekontaktane i barnehagen eller på skulen.