1. foreldremøte 2013/2014 - OPPSUMMERING
Felles foreldremøte torsdag 5.sep
Det var veldig godt oppmøte på felles foreldremøte for oppstart av skule- og barnehageåret. Viktige saker var pedagogiske satsingsområde kommande år, praktisk info frå barnehage og skule, og spørsmål og innspel frå foreldre. Etter møtet konstituerte FAU seg, og foreldreutvala valde representantar til Samarbeidsutvalet (SU).
Det vil komme meir detaljert info om det pedaogiske utviklingsarbeidet i samband med avdelingsmøta seinare i september. Barnehagen sitt foreldremøte er sett opp tysdag 24.sep.
SU-medlem frå foreldreutvalet i barnehagen er Kjellrun Elvekrok og Ellen Kynningsrud.
FAU-leiar er Even Loe, nestleiar Gro Kirsti Hesjevoll, kasserar Jorunn Anita Åsen og skrivar Vigdis Bakken. Resten av fau skule er: Jane Aasen, Morten Vigdal og Oddmund Hoel.
Even Loe og Gro Kirsti Hesjevoll er representantar til samarbeidsutvalet (SU) og skulemiljøutvalet (SMU).
Det kjem oppfølgjingssak her på nettsidene med meir utfyllande info om utviklingsarbeid og andre viktige satsingar ved oppvekstsenteret.