Elevråd
2012/2013: Gunnar (7.trinn, leiar), Sølvi (6.trinn, skrivar), Kristi (5.trinn), Vebjørn (4.trinn), Jone (3.trinn), Sondre (2.trinn), Jostein (1.trinn)
Årets første møte i elevrådet er torsdag 23.aug kl 10!
No er det valt klasserepresentantar til elevrådet. Nytt i år er at 1.-3.trinn òg er med. Det vert altså 7 medlem i elevrådet i år.
På siste elevrådsmøte før sommaren bestemte elevrådet at det skulle vere minimum 5 møte gjennom året: eitt i aug/sep, eitt i okt/nov, eitt i jan/feb, eitt rundt påske og eitt i mai/juni. Møteplan elevrådet dette skuleåret:
- Torsdag 23.august kl 10-10.45: Kva skal elevrådet gjere? Kva er læringsmiljø? Kva er Olweus? Kva meiner elevrådet er "krenkjande åtferd"?
- Tysdag 23.oktober kl 11.30-12.15: Trivselsundersøking, kva meiner elevrådet me kan gjere for å unngå "krenkjande åtferd" på skulen? Korleis skal me feire Farvel til lyset og avslutning til jul? Kva er viktig i fellesfriminutta gjennom vinteren? Idear til adventshygge? Hemmeleg ven?
- Onsdag 9.januar kl 12-12.50: Resultat frå trivselsundersøking, planlegge skidagar, karneval og fellesaktivitetar med barnehagen.
- Onsdag 13.mars kl 12-12.50: Korleis har vinteren vore? Elevundersøking, Trivselsplan m/turar ut skuleåret, 17.mai-underhaldning og sommaravslutning.
- Onsdag 22.mai kl 12-12.50:Resultat frå elevundersøkinga, kva meiner elevane er viktige tiltak for trivsel, motivasjon og læring?
Elevrådet dette skuleåret:
- 1.trinn: Jostein Tennø Loe
- 2.trinn: Sondre Norberg
- 3.trinn: Jone Hovland Vigdal
- 4.trinn: Vebjørn Viem Elvekrok
- 5.trinn: Kristi Bjørhusdal
- 6.trinn: Sølvi Kvam (skrivar)
- 7.trinn: Gunnar Hess Elgersma (leiar)
Sjå referat i høgremenyen. Det er rektor som er kontaktlærar for elevrådet på Jostedal skule.
Opplæringslova har eit eige kapittel (kapittel 11) om brukarmedverknad i skulen. Under finn du utdrag frå opplæringslova når det gjeld Elevråd:
Om du vil lese heile kapittel 11 i opplæringslova klikkar du på denne lenkja (Lovdata)
Elevråd:
- Ved kvar grunnskule skal det for årstrinna 5-7 og for årstrinna 8-10 vere eit elevråd med representantar for elevane. Kommunen fastset talet på elevrepresentantar. Representantane skal veljast seinast tre veker etter at skulen har teke til om hausten.
- Ein medlem av undervisningspersonalet på skulen skal ha som oppgåve å hjelpe elevrådet i arbeidet. Denne elevrådskontakten har møte- og talerett i elevrådet.
- Leiaren for elevrådet kan kalle inn til møte i rådet i samråd med elevrådskontakten. Rådet skal i alle høve kallast inn når ein tredel av medlemmene i rådet eller rektor krev det.
- Elevrådet skal fremje fellesinteressene til elevane på skulen og arbeide for å skape godt lærings- og skulemiljø. Rådet skal også kunne uttale seg i og komme med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane.