Faste aktivitetar kvar dag
Dagsplan i barnehagen
Dagsrytmen i Jostedal barnehage med forklaring av mål og innhald.
Det meste av læringa, omsorgen og danninga som skjer i barnehagen, skjer gjennom dei faste daglege aktivitetane og kvardagsrutinane. Her finn de dagsrytmen på "vanlege dagar" i Jostedal barnehage med forklaring av mål og innhald:
- 7.00: Barnehagen opnar, frileik/aktivitet etter ynskje
- 8.00-9.00: Medbragt frukost for dei som har, frileik
- 9.45: Felles rydding
- Fruktmåltid/knekkebrød
- Tilrettelagt aktivitet, oftast i små grupper
- Leik ute eller inne
- 11.15: Rydding
- Samling/songstund
- Handvask
- 11.30: Mat
- Kvilestund / soving (dei som søv har med eiga vagn og dyne/vagnpose)
- Leik ute
- 14.00: Frukt (ute/inne)
- 16.15: Barnehage og sfo stenger
Dagsrytmen er rettleiande, og kan bli tilpassa etter omstende og særskilde aktivitetar.
Forklaring av mål og innhald for kvart punkt på dagsplanen:
- LEIK
- TILRETTELAGT AKTIVITET/GRUPPER
- RYDDING/HANDVASK/SAMLING FØR MAT
- MÅLTID
- KVILESTUND
- AV-/PÅKLEDNING
- LEIK/AKTIVITET UTE/INNE
- FRUKTMÅLTID
Leik:
Innhald:
- Barna leiker med det dei vil, t.d rolleleik, teikne, spel, konstruksjonsleik o.a.
- Personalet les bøker, er med på spel og ser elles til at leiken flyt.
- Personalet er proaktive (førebyggande) mtp konfliktsituasjonar, og hjelper til å løyse konflikter når dei oppstår
- Personalet observerer ferdigheiter og ser om barna får vere med i leiken m.m., hjelper til å få alle med i leiken (finn på passande rolle i rolleleik osb)
Mål:
- Leik er barna sin hovudaktivitet for læring av sosial kompetanse, og ein føresetnad for trivsel
- Allsidig læring og utvikling, jf Rammeplan for barnehagen (utvikling av sosial kompetanse, språklæring osb.)
- Bearbeide ting som kan vere vanskeleg (tema i leiken vil spegle korleis ungane opplever kvardagen)
- At barnet skal utvikle seg i det tempo som er naturleg for den einskilde
- Barna skal ha ein god barndom
Tilrettelagt aktivitet/grupper:
Innhald:
- Tilrettelagt aktivitet kan vere samlingsstund, formingsoppgåver, gymsalaktivitetar, turar m.m. Det er fyrst og fremst desse aktivitetane og tema i desse som vert skissert i månadsplan.
Mål:
- Jobbe med dei 7 fagområda i rammeplan.
- Allsidig læring og utvikling jf Rammeplan for barnehagen.
Rydding/ handvask/samling før mat:
Innhald:
- Ei hovudopprydding før måltid
- Ein vaksen steller i stand måltid og dekkjer bord. Eit barn er hjelpar og har nokre oppgåver kring måltidet. Vedkommande får hjelpe til med å stelle i stand måltidet, dekke bord, be til bords, telje i gang sang/regle.
- Ein vaksen har samling med borna. Aktiviteten kan vere song, leikar, lese bøker o.s.v.
Mål:
Rydding:
- Godt å få starte på nytt i leiken. Nye konstellasjoner i leiken.
- Lære å sortere
- Ta ansvar i fellesskapet
Handvask:
- Lære gode hygiene
- Redusere smittefare
I samling
- Allsidig utvikling jf Rammeplan for barnehagen.
Måltid:
Innhald :
- Me et frukost på kjøkken og hovudmåltid inne i barnehagen.
- Som oftast et me brødskiver, men graut, suppe, vaflar, pannekaker m.m. står av og til på menyen.
- Me brukar bordkort, men har ikkje faste plassar.
- Ordenshjelp får velje kva for song/regle me skal starte måltidet med. Mykje brukt er (med rørsler):
Ormen den lange, kraup som ein slange, over eit gjerde, stal seg ei pære, delte den i to, versågod.
Mål
- Ein sosial arena kring måltidet
- Sunt og allsidig kosthald
- Lære god bordskikk (Bruke normalt stemmeleie, sende mat til kvarandre, hjelpe kvarandre, vente på tur, prøve å ete opp det ein tek til seg)
- Sjølvstendetrening (Klare å smørje maten sjølv, slå i mjølk i koppen, ete med skei osv)
- Konsentrasjonstrening (Halde fokus på eigen aktivitet sjølv om det er mykje anna aktivitet omkring)
- Koordinasjonstrening (auge/hand, Kropp/auge/hand/munn)
- Språkstimulering (Lære namn på ulike pålegg, reiskap, preposisjonar og omgrep, samtale)
- Tal- og teljetrening (1 pølse osv)
- Sosial kompetanse (samtale, vente på tur, dele)
Kvilestund
Innhald:
- Dei som skal sove får legge seg i vogn ute eller inne.
- Dei andre kviler på madrassar under eit teppe, og lyttar til roleg musikk/ lydbok.
Mål:
- Roe ned litt og ta seg litt inn att
- Motverke stress
Av- og påkledning:
Innhald:
- Ein tilsett ryddar etter mat.
- Dei som går ut må ta på kle etter været i lag med ein vaksen.
- Barna blir minna om at det er lurt å gå på toalettet før dei skal ut. (Den som vil)
Mål:
- Rydde vekk maten, gjere rommet klart til leik og anna aktivitet.
- Toalettrutinar: Lære seg gode rutinar. Kroppskontroll.
- Påkledning: Sjølvstendetrening (finne eigne og eigna kle, kle på seg med minst mogeleg hjelp)
- Halde orden på eigen plass i garderoben
- Konsentrasjon. Greie å konsentrere seg om sine eigne kle i eige tempo.
- Vente på tur. Ikkje alle kan få hjelp på same tid.
- Utvikle kroppsbevisstheit
Uteleik:
Innhald:
- Barna leikar på uteområdet ( klatrar, spring, syklar, akar, huskar, sandleik, rolleleik, regelleik t.d. stiv heks osv)
- Barn og tilsette går tur.
Mål:
- Allsidig utvikling med hovudvekt på det grovmotoriske og sosiale. Jf Rammeplan for bhg.
- Motivere og inspirere barn til å like å vere ute.
- Frisk luft
- Trygge leikemoglegheiter.
Fruktmåltid:
Innhald:
- Ein tilsett finn fram frukt/knekkebrød/yougert og serverer barna. I tillegg drikke.
Mål:
- Eit lite påfyll av energi og væske for barna.
- Viktige næringsstoff.
- Gode vanar. Motivere barna til å ete frukt og grønt