No er det ekstremvær for å bli blaut i barnehagen og på skulen
BYTEKLEDEBOOM
I barnehagen vil alle helst bade i sølepyttane, og på skulen plaskar det godt når me hoppar tau og speler fotball - ein del er gjennomblaute allereie før skuledagen startar. Uansett treng alle meir byteklede enn normalt om dagane!
Så pass på at alle ungar har eit EKSTRA sett med byteklede (sokkar, stilongs, trøye og bukse) jamfør det dei brukar å ha, i tillegg til uteklede som held dei så tørre som mogeleg - i barnehagen bør alle faktisk ha tre par vottar!
Følgj med på kva som vert blautt, og send tilsvarande tørt med tilbake - så hopar det seg ikkje unødig opp med trøyer.