A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

I dag hadde skuleungane aksjon til inntekt for barn i Syria

Alle sprang for Syria!

Elevane i 1.-4.trinn sprang og sprang med godt humør rundt idrettsbana, mange i ganske tunge dressar i det blaute vêret. Elevane i 5.-7.trinn sprang innover mot Espe, opp til 5,2 km totalt. Alle vart gode og slitne etter springinga, men det var god stemning, og etterpå fekk alle saft og frukt i lag. Etter den innsatsen er alle spente på innbetalinga til aksjonen! PS. Det er lov å støtte aksjonen utan å ha laga sponsoravtale med elev òg.

DSCN0852.JPG

7.klassingar heilt utslitne etter springetur til Espe og tilbake, får trøyst av fadderungane i 1.klasse.

Som eit ledd i Jostedal Oppvekstsenter si satsing på Demokrati og medverknad, har skulen sidan haustferien jobba med omgrep som solidaritet, rettferd, barnekonvensjon og SN sine tusenårsmål. Alle klassene hadde ei felles markering av SN-dagen 24.oktober, og etter det diskuterte elevane mellom anna korleis dei kan hjelpe born andre stader i verda som ikkje er så heldige som oss i Noreg. Resultatet var at dei laga ein felles aksjon til inntekt for arbeid for born i Syria. Aksjonen vart gjennomført tysdag 12.november i siste time. Innsatsen til elevane var å springe, og "sponsorane" (sjå info under "les meir") betalar inn eit avtalt beløp for sitt/sine born per meter (5.-7.trinn sprang 5200 meter, frå skulen til Espe og tilbake) eller per runde (1.-4.trinn fekk teikna ein strek per runde på handa). Pengane går direkte inn på ein eigen aksjonskonto hos Redd Barna (gå til denne nettsida for å sjå meir om dette: http://innsamling.reddbarna.no/syria/innsamling.aspx?col=6-483).

Solidaritetsaksjon – søknad om sponsormidlar til Jostedal skule

GJENNOMFØRING:

1.-4.trinn spring rundar på idrettsbana (ein runde er ca 200 meter), dei kan stoppe mellom rundene, og me vil ha saft- og fruktstasjon for påfyll av energi. Me tel runder på kvar elev, og sender talet inn til den aktuelle sponsoren for innbetaling av avtalt sum pengar.

Dei som vil frå 5.-7.trinn spring frå skulen og inn til Espe, sponsor betalar då eit beløp per meter.

Det er opp til kvar sponsor kva beløp ein vil betale per runde eller per meter, me håpar på om lag 10-20 kr per runde for 1.-4.trinn og 1-10 øre per meter for 5.—7.trinn. Dette avtalar de heime, og kvar elev fyller ut skjemaet på baksida for å halde oversikt (med evnt hjelp til skriving og rekning).

Det viktige er i første omgong å avtale beløp per runde/per meter med ditt/dine barn. I tillegg må de gjerne avtale med venner/familie som òg vil vere sponsorar.

INNBETALING: Sjølve betalinga skal gjerast etter tysdag 12.nov, når det er klart kor langt ditt barn sprang. Innbetaling kan gjerast på to måtar:

  1. Gå inn på nettsida til vår aksjon: http://innsamling.reddbarna.no/syria/innsamling.aspx?col=6-483 (denne lenka vil me òg legge på nettsidene til oppvekstsenteret, og spreie via sosiale medium for å få flest mogeleg sponsorar). Her kan du krysse av for om du vil at namnet ditt skal kunne sjåast eller ikkje.
  2. Levere pengane i ein konvolutt til skulen (skulen vil sørge for at dei vert sette inn på kontoen til aksjonen).

Uansett innbetalingsmåte vil ingen (heller ikkje me på skulen) kunne vite om nokon ikkje har betalt inn noko. Alle elevane får dette skrivet heim som ranselpost, og der er det òg eit skjema for å halde oversikt over sponsorar og totalbeløp for kvar elev (skal ikkje tilbake til skulen).

Berre ring om de har spørsmål til noko av dette!

Beste helsing,

Mette og dei andre på skulen

Mob Mette: 91 71 51 62

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS