A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

1. kl

julesangen

No har juleførebuingane starta på skulen

Julespel til juletrefesten 15.desember

Den tradisjonelle juletrefesten vert i år søndag 15.desember kl 14. Julespel er valt ut, og alle elevane har fått ynskje seg roller ved hemmeleg val. Der fleire har ynskt same rolle, har me trekt. Me trur alle no er nøgde og spente på øving - det vert teater med ei rekkje musikalske innslag. Instrument har elevane òg valt sjølve.

2013-11-10
Hender med ein strek per runde

I dag hadde skuleungane aksjon til inntekt for barn i Syria

Alle sprang for Syria!

Elevane i 1.-4.trinn sprang og sprang med godt humør rundt idrettsbana, mange i ganske tunge dressar i det blaute vêret. Elevane i 5.-7.trinn sprang innover mot Espe, opp til 5,2 km totalt. Alle vart gode og slitne etter springinga, men det var god stemning, og etterpå fekk alle saft og frukt i lag. Etter den innsatsen er alle spente på innbetalinga til aksjonen! PS. Det er lov å støtte aksjonen utan å ha laga sponsoravtale med elev òg.

2013-11-10

Markering av SN-dagen

SN-dagen 24.10

Jostedal Oppvekstsenter vil markere denne dagen torsdag 1.time. Alle klassane har førebudd seg på framføringar som har med SN å gjere. 1. og 2.kl har teikna til fellessongen "Morgendagens søsken", 3. og 4. har Barnerettane som tema, medan 5.-7. vil ha presentasjonar om Tusenårsmåla. Til slutt blir det fellessong saman med korps-, gitar- og rytmegruppe.

2013-10-23

Laila Renate Buer Storli og John Ole Morken til Jostedal

"Drøymefjell": DKS-framsyning måndag 4.11 kl 13.15

Drøymefjell er ikkje ein plass ein reiser til - det er ein plass musikken tek ein med til. Med kveding, flatfele, hardingfele og gitar tek musikarane Laila Renate Buer Storli og John Ole Morken oss med til sitt eige Drøymefjell. Framsyninga representerer og fortel ein viktig del av vår nasjonale og lokale kulturhistorie, for alle regionar i Noreg har sine særprega musikktradisjonar.

2013-10-16

Trygg trafikk har laga video som dei såg på Breheimsenteret

1.-4.trinn har vore på den årlege bussturen om tryggleik på bussen

2013-09-30

Heile skulen til Gaupne i lag med dei andre skulane i kommunen

Tysdag 1.oktober

Tysdag er det felles aktivitetsdag i Gaupne for alle skuleelevane i kommunen i høve Luster kommune sitt 50-årsjubileum. Fordi programmet startar i Gaupne presis kl 9.30, er det ørlite tidlegare avreise enn vanleg skulestart, les meir om detaljane her. 

2013-09-29

HEILE OPPVEKSTSENTERET HAR

Vekas dialektord

Ord på tur 26.aug (skulen): EI KLOPP, EIN TEIG, EI FONN, EIN STØL, EIT LE

2014-12-18

Skuleåret 2013/2014

Årsplanar 1.-3.trinn

Her ligg 1.-3.klasse sine årsplanar i faga skulepret 2013/2014:

2014-10-29
DSC_0012

Med bilete frå kafeen

Vellukka valkafé

5.-7.trinn heldt koken frå 12 til 16.30 på valdagen, og nøyaktig 100 personar var innom kaféen. Både vaflar og heimelaga syltetøy var utseld ved stengetid.

2013-09-10

Oppstart av skule- og barnehageåret, utviklingsarbeid og forventningsavklaring

Foreldremøte torsdag 5.september kl 19-20

Kva lurer du på? Kva forventar du? Lurer du på kva skulen eller barnehagen forventar av deg? Oddbjørg og Mette ynskjer alle spørsmål velkomne!

Etter foreldremøte vert det konstituering av foreldrearbeidsutvalet (fau), samarbeidsutvalet (su) og skulemiljøutvalet (smu). Foreldreutvala for barnehagen og skulen skal ha to medlem kvar i samarbeidsutvalet.

2013-08-29
Powered by CustomPublish AS