No har juleførebuingane starta på skulen
Julespel til juletrefesten 15.desember
Den tradisjonelle juletrefesten vert i år søndag 15.desember kl 14. Julespel er valt ut, og alle elevane har fått ynskje seg roller ved hemmeleg val. Der fleire har ynskt same rolle, har me trekt. Me trur alle no er nøgde og spente på øving - det vert teater med ei rekkje musikalske innslag. Instrument har elevane òg valt sjølve.
Julespelet i år bygger på historia Den gamle julesongen av Marjatta Kurenniemi. Som eit ledd i satsinga vår på demokrati og medverknad, er omsetting til nynorsk, dramatisering og val av musikk gjort av lærarar og elevar ved skulen i samarbeid. Me vil ikkje røpe for mykje, men rollelista kan vere grei å kjenne til for foreldre som evnt vil førebu kostyme e.l. (dette kjem det meir info om etter kvart). Øvingane startar opp no utover (først berre i musikktimane, dei siste par vekene litt kvar dag). Det kan framleis gjerast endringar i rollene viss nokon vil bytte, men dette er lista slik ho ser ut etter første runde med ynskje:
Den gamle julesongen |
Sølvi |
Forteljarar |
Kristi og Jone |
Småfuglar (syng òg) |
Thea (kjøtmeis), Håkon (dompap), Siri Elise (kjøtmeis), Oda (dompap) og Thekla (bokfink) |
Forretningsfolk (syng òg) |
Martin, Mathilde, Vebjørn og Jostein |
Travle folk i julestria (syng òg) |
Rasmus, Jasmin, Cathrine, Tora og Aslak |
Kule rapparar (syng òg) |
Renate, Rune, Jonas, Sondre, Øyvind, Stig og Lars Andreas |
Gammal kone |
Tora |
Jente med den gamle kona |
Thea |
Gut i korpsgruppa m/replikk |
Rasmus |
Jente i felegruppa m/replikk |
Mathilde |
Felegruppa på slutten |
Renate, Kristi, Mathilde, Jone, Oda, Siri Elise, Thekla |
Korpsgruppa på slutten |
Rasmus, Martin, Tora, Cathrine, Jasmin, Rune, Vebjørn |
Song på slutten |
Aslak, Sondre, Jonas, Øyvind, Stig, Jostein, Håkon, Lars Andreas |
Band |
Albert, Magnus og Vebjørn +++ |
.