7. kl
I dag hadde skuleungane aksjon til inntekt for barn i Syria
Alle sprang for Syria!
Elevane i 1.-4.trinn sprang og sprang med godt humør rundt idrettsbana, mange i ganske tunge dressar i det blaute vêret. Elevane i 5.-7.trinn sprang innover mot Espe, opp til 5,2 km totalt. Alle vart gode og slitne etter springinga, men det var god stemning, og etterpå fekk alle saft og frukt i lag. Etter den innsatsen er alle spente på innbetalinga til aksjonen! PS. Det er lov å støtte aksjonen utan å ha laga sponsoravtale med elev òg.
Markering av SN-dagen
SN-dagen 24.10
Jostedal Oppvekstsenter vil markere denne dagen torsdag 1.time. Alle klassane har førebudd seg på framføringar som har med SN å gjere. 1. og 2.kl har teikna til fellessongen "Morgendagens søsken", 3. og 4. har Barnerettane som tema, medan 5.-7. vil ha presentasjonar om Tusenårsmåla. Til slutt blir det fellessong saman med korps-, gitar- og rytmegruppe.
I oktober les og tolkar me skjønnlitteratur i 5.-7.
Leselyst!
Kvart år når hausten sig inn over oss, har me "leseprosjekt".
Laila Renate Buer Storli og John Ole Morken til Jostedal
"Drøymefjell": DKS-framsyning måndag 4.11 kl 13.15
Drøymefjell er ikkje ein plass ein reiser til - det er ein plass musikken tek ein med til. Med kveding, flatfele, hardingfele og gitar tek musikarane Laila Renate Buer Storli og John Ole Morken oss med til sitt eige Drøymefjell. Framsyninga representerer og fortel ein viktig del av vår nasjonale og lokale kulturhistorie, for alle regionar i Noreg har sine særprega musikktradisjonar.
Heile skulen til Gaupne i lag med dei andre skulane i kommunen
Tysdag 1.oktober
Tysdag er det felles aktivitetsdag i Gaupne for alle skuleelevane i kommunen i høve Luster kommune sitt 50-årsjubileum. Fordi programmet startar i Gaupne presis kl 9.30, er det ørlite tidlegare avreise enn vanleg skulestart, les meir om detaljane her.
The great language game
Spel på nett: Klarer du å skilje mellom språka?
Beste resultat: 12300 poeng
"IKT for elevar"
Nettkurs i dataprogram og nettvet
Her finn de små kurs i grunnleggande bruk av vanlege dataprogram (som word, excel og powerpoint), og kurs som handlar om nettvet (korleis du oppfører deg på nettet). Kursa er laga for skuleelevar, og tek berre nokre minutt kvar.
HEILE OPPVEKSTSENTERET HAR
Vekas dialektord
Ord på tur 26.aug (skulen): EI KLOPP, EIN TEIG, EI FONN, EIN STØL, EIT LE
Med bilete frå kafeen
Vellukka valkafé
5.-7.trinn heldt koken frå 12 til 16.30 på valdagen, og nøyaktig 100 personar var innom kaféen. Både vaflar og heimelaga syltetøy var utseld ved stengetid.