I oktober les og tolkar me skjønnlitteratur i 5.-7.
Leselyst!
Kvart år når hausten sig inn over oss, har me "leseprosjekt".
Me les jo gjennom heile året, men på denne tida har me fokus på lesing som underhaldning. Forsking tyder på at denne typen lesing er viktig for skuleprestasjonar generelt, og i 6.-7.klasse hadde me idemyldring om kvifor me tykkjer det er bra å bruke tid på å lese på denne måten. Resultatet har me skrive ut, og nokon (i alle fall norsklæraren) bruker det som bokmerke. Der står det òg ei hugseliste over kva me bør tenkje over før, under og etter lesinga for å forstå og lære mest mogeleg av det me les.
Leseloggen på vekeplanen desse vekene er knytt til boka me les, og alle skal skrive ei bokmelding. Spørsmåla i leseloggane vil vere til hjelp i arbeidet med bokmeldinga, og for å ha gode litterære samtalar om bøkene på skulen.