
Velkommen til eit nytt barnehage- og skuleår
No er tida inne for å starte opp att med barnehage og skule. i løpet av ei veke er alle godt i gang igjen.
Torsdag 15.august er barnehageåret 2013/2014 starta. Barnehagen har tilgjengeleg 24 plassar og me har fullt i år. Dette er veldig bra då det er eit godt teikn for bygda, barnehagen og skulen. Me alle gledar oss til å starte til att.
Måndag 19.august kjem alle elevane tilbake. I skulen vil årets elevtal vere 46 som er nok ein auke. Dette er og bra for oss alle.
Me på oppvekstsenteret ser fram til eit flott barnehage- og skuleår.
Måndag 19.august kjem alle elevane tilbake. I skulen vil årets elevtal vere 46 som er nok ein auke. Dette er og bra for oss alle.
Me på oppvekstsenteret ser fram til eit flott barnehage- og skuleår.