A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

VEKE17

Våren er her for fullt no, og me er mykje ute om ettermiddagane. Det er flott leik mellom borna, og det er kjekt å sjå at ungane koser seg med typiske "vårleikar".

Torsdag var alle assistentane på fiskesprell-kurs. Dette var eit inspirerande kurs som gav oss mange gode idear, og oppskrifter på god og enkel sjømat me kan lage ute.Me tenkjer at dette må me få jobbe litt med, så prøver me å få fiskemat fast inn på menyen vår frå hausten av. Sfo blei godt i varetatt av Norill og administrasjonen.

Me har no fått oss blomsterkassar, og i dag (fredag) skal me så frø i dei. Det blir spennande for liten og stor å sjå kva me får til, og kassane vil seinare i vår bli hengt opp ute

Me avsluttar veka med godt pålegg og oboy.

GOD HELG

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS