A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

VEKE 24 OG 25

Dei to siste vekene før sommarferien har vore prega av å gjere ferdig ulike ting og prosjekt. Skuffer er tømt, og diverse perlekunst er ferdigstilt. Veret har ikkje vore vår beste venn heile tida, men ein del ute har me vore.

Torsdag 18/6 grilla me laks!!På onsdag skar me laksefiletar i bitar og vende dei i tacokrydder. Deretter pakka me dei i folie i porsjonspakker. Torsdag fyrte me opp bålpanna og var spente på om ungane tykte noke om dette. Me serverte "skattekista" med potestappe. FOR EIN SUKSESS. Nesten alle ungane var einige om at dette måtte me snart lage att, men då måtte me ha meir fisk i kvar "skattekiste" :-) Flinke SFO ungane våre.

Då gjenstår det å ynskje alle born og føresette ein god sommar. Kos dykk, slapp av, være aktive, nyt sommaren, så sjåast me i august.

Helsing SFO personalet

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS