A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

VEKE 22 OG 23

Onsdag i veke 22 sto det "fiskemeny" på planen. Me kjøpte inn ulike fiskeprodukt og laga det fint til på matbenken vår. FOR EIN SUKSESS !!! ALLE ungane fant noke dei likte. På slutten av måltidet fekk alle som ville prøvesmake komme fram til disken. Der fekk dei smake på fiskeproduktar som dei aldri hadde smakt før. Nesten alle ungane kom fram og stilte seg i kø for å smake. Skikkelig tøffingar heile gjengen, og alle meinte at dette måtte me gjere litt oftare :-)

I veke 23 serverte me pitapizza m/kjøttdeig. Alle ungane var kjempefornøgde.

Me har vore ein del inne desse to vekene då veret ikkje har spelt på lag med oss. Gymsalen er god å ha sleke dagar, og borna er veldig flinke til å finne på ulike aktivitetar sjøle når me er der. Litt ute har me òg vore, og me har med anna hatt felles leik på banene.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS