A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

VEKE 18

Veka starta med flott vårver måndagen, og slutta med snøbyger på torsdagen. Variert ver gir varierte aktivitetar på SFO. Det er "poppis" med hoppetau for tida, ein kjempeflott aktivitet som alle ungane mestrar på sitt vis. Fotball på bana er òg kjempekjekt.

Me har no fått ein flott avtale med Spar Hafslo om å få hente frukt og grønt hjå dei kva måndag ettermiddag. Me får då plukke ut det me ynskjer av frukt og grønt dei ikkje kan selje i butikken, men som er heilt fin å bruke. Dette gjer til at me får moglegheit til å servera ungane frukt/grønsaker på ettermiddagen. Me set stor pris på å ha fått ein slik flott avtale med SPAR HAFSLO. Tommel opp til Geir Sterri og gjengen der.

Denne veka serverte me fiskeburgere med salat, og ikkje ein unge takka nei til fiskekaker. KJEMPEFLOTT !!! Varmmaten vart servert onsdagen.

Me ynskjer alle ei fin langhelg :-)

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS