VEKE 14.
Denne veka har me hatt litt vårrydding, funne fram att uteleikene våre til stor glede. Spesielt hoppestokkane. Ei fin veke med mykje uteaktivitet
Onsdag var alle i Parken, kjekt å koma ned att her. Det var hyttebygging og klatring og balansering i jungelparken.
Fredag var det elevfri dag, så då hadde me heile dagen på SFO. Ein fin gjeng på 11 ungar. Starta dagen med ein lang oppdagelsesrunde på Grandane, her var det mykje boss tykte me. Når me kom til SFO att laga me bål i "troll i ringen" der me grilla ostesmørbrød til lunsj og pinnebrød med sukker og kanel til desssert. Ute å leika heile dagen i flott ver.