A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
P4290044

Vårteikn, livet i dammen og mat på bål

Dei siste vekene har me jobba på ulike stasjonar på uteskulen. Desse stasjonane har vore mat på bål, vårteikn og livet i dammen.

 

Den første fredagen var menyen "skattekiste." Då fekk elevane lage og smake på grønnsaker og laks. Den andre fredagen laga me pinnabrød og sist fredag laga me kyllingwok med mykje gode grønnsaker og god saus. Medan den eine gruppa laga mat so har ei anna gruppe leita etter vårteikn. Me gjekk runden om Moseng og ned att på skulen. Og mange vårteikn har me funne. Ulike blomar, tre, rennande vatn, møkk, sauer og lam på beite.  I dammen er det også blitt mykje liv. Mygglarvar og rumpetroll er berre noko av det me har funne. Tre timar på uteskulen går så fort når me har det kjekt, og med god mat i magen og mykje ny lærdom så er uteskulen ein kjempegod plass å vera.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS