Utegym i finvêret
No har me vore veldig heldige med vêret dei siste dagane, og har fått utnytta det med å ha utegym. Dette er kjekt for både store og små, og me har fokusert ein del på å hoppe tau. Nokon har hoppa ein og ein, medan andre hadde lyst å øve på å hoppe slengtau. Elevane er vorte kjempeflinke, og er veldig motiverte for å hoppe tau.
Læreplanen i kroppsøving seier at elevane skal "leike og vere med i aktivitetar i varierte miljø der sansar, motorikk og koordinasjon blir utfordra". Dette er eit kompetansemål etter 4.trinn, og noko som vert jobba med kontinuerleg alle dei 4 åra på småskuletrinnet.