A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
20160114_085458

Symmetri

Etter jul har me jobba med temaet symmetri i 2.klasse. Me har gjort mykje forskjellig, og lært mykje nytt.

Me byrja kapittelet med å lage eit omgrepshus på tavla der me sorterte tankane våre om kva omgrepet symmetri eigentleg tyder. Elevane fann mange døme på symmetriske figurar og ting i klasserommet. Me har rekna masse oppgåver i bøkene våre, samt laga symmetriske teikningar og bilete med fyrstikker. Me bretta eit A4 ark i to, og måla på den eine sida, før me bretta den blanke delen over att. Me fekk då sjå at motivet me hadde laga med måling smitta over på andre sida av arket, og at me då plutseleg hadde laga eit symmetrisk måleri. Kjempekjekt å få prøve ut symmetri i praksis og, det gir elevane mykje betre forståing av korleis det fungerar. 

Eit spanande og lærerikt tema! :) 

 

Sjå bilete frå timane her:

Måling av symmetriske bilete

Finne symmetrilinjer

Symmetrisk fyrstikkbilete

Fargelegge symmetrisk

Omgrepshus

Teikne symmetrisk

Viktig om symmetri

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS